Innsamling til ny trakkemaskin

Har komme inn mykje pengar til skigruppa i Tomrefjord, men manglar framleis 350.000 kroner til ny trakkemaskin

2017-09-05
remiegg

 

Skigruppa har fått inn 300.000 kroner etter samlinga med næringslivsrepresentantar på varmestova tidlegare i vinter, seier styreleiar Jon Hølmo.

Det mangler enno om lag 350.000 før skigruppa kan bestille maskinen. Summen er litt avhengig av kursen på EURO og kva dei får i innbytte for dagens trakkemaskin. - Summen på 350.000 betyr at vi tar opp maks lån på 500.000. Det har vi fått godkjent av årsmøtet i Tomrefjord I.L. Om vi får inn meir enn 350.000, kan vi redusere lånopptaket, seier Hølmo. Får reklameplass Skigruppa håper å nå ut til brukarar og hytteeigarar som ennå ikkje har støtta dei, og at fleire av dei vil bli med på innsamlingsdugnaden. -

Kanskje er det fleire frå næringslivet som også vil bidra. Alle som har kjøpt andelar på kr. 1000,- blir presenterte på heimesida vår, www.tilski.no, seier Hølmo. Alle som kjøper minst fem andelar, får reklameplass på oppslagstavler fleire plassar i løypenettet. Desse vil stå i minst fem år

Arvid Svinnseth og dei andre løypekøyrarane i Tomrefjord IL håper denne velbrukte trakkemaskina blir bytta ut med ei ny til vinteren. Sprintløype - Elles er vi i gang med opparbeiding av ny sprintrasè bak varmestova. Den kan også brukast til jogging, sykling og tur om sommaren. Her blir det også skibakke frå øvre del av lysløypa ned til sprintbakken om vinteren. Vi skal også sette opp eit uthus ved varmestova, og har fått tippemidlar til å bygge på garasjen for trakkemaskina på Reset, opplyser Hølmo

 

Les hele artikkelen her

 

 

 

 

 

 

 

 

Kalender

Oktober
MTOTFLS
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345

Aktiviteter

22.10.2017
Fotball | A-lag | Trening

19:00 - 21:00

Tomrefjord Stadion

25.10.2017
Fotball | A-lag | Trening

19:00 - 21:00

Tomrefjord Stadion